Samlinga er spesielt retta mot dei som ønskjer å arrangere Skeid eller verte banebyggar/dommar ved Skeid. Samlinga vert arrangert på Norsk Hestesenter søndag 24. oktober 2021.

Samlinga er spesielt retta mot nye arrangørar, dommarar og banebyggarar og desse vil verte prioritert ved påmelding. Men alle med interesse for Skeid er velkommen, dersom kapasitet. Dersom pågangen vert stor, vil me prioritere å få med representantar frå så mange lokallag som mogleg, for å få spreidd Skeid ut til så mange krokar av landet som mogleg. For personar som ønskjer å dømme Skeid vil deltaking på samlinga vere dokumentasjon på kvalifikasjon til å dømma Skeid-konkurransar.

Samlinga vil bestå av ein teoretisk del og ein praktisk del. Den teoretiske delen vil være mogleg å fylgja på nett for dei som ikkje har anledning til å delta fysisk. Merk at dersom ein skal verte autorisert som dommar så må ein delta på den praktiske delen og.

Foreløpig plan for dagen
Oppstart kl. 10.00
1) Gjennomgang av reglementet
2) Dømming av Skeid
    a) Forskjellen på konkurransepoeng og eigenskapsregistrering
Kaffipause
3) Tid til spørsmål, oppklaringar og diskusjon
4) Banebygging (teori)
Lunsj
5) Banebygging og dømming i praksis utandørs med demo-ekvipasjar.
Avsluttar omtrent kl. 18.00.

Påmelding og kostnader
Påmelding skal gjerast elektronisk ved å følgja denne lenkja: https://forms.office.com/r/cBr6qbKgcY
Frist for påmelding: 1. oktober.
Samlinga er gratis å delta på og det vil verte servert lunsj.

Overnatting og reise
For dei som har behov for overnatting vil det være mogleg å booke overnatting på NHS sitt kurssenter. Det kostar kr 495,- per natt inklusiv frukost. Adressa til Norsk Hestesenter er Starumsvegen 71, 2850 Lena.

Reisekostnadar må deltakarar halda sjølve. Mange lokallag gir støtte til sine medlemmar for deltaking på slike arrangement, me oppfordrar til å søkja ditt lag om støtte.

Spørsmål?
Då kan du ta kontakt med Therese Selle, Skeidsekretariatet/Norsk Hestesenter, therese.selle@nhest.no.
Meir informasjon om Skeid finn du på nettsida: www.hesteskeid.no