Norges Fjordhestlag har i lag med samarbeidspartane Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Nordfjord Fjordhestlag utarbeidd ein plan for gjennomføring av utstillinga.

Utvida bruksprøve (klasse 2 a)

Det blir frammøte for hingstane til utvida bruksprøve på måndag 3. mai, da utvida bruksprøve er forlenga med ein ekstra dag på grunn av mange hingstar. Prøvene går etter ny mal (sjå egen info om UB på nettsida Fjordhestportalen). Alle prøver, mønstring på hardt underlag, ksteriørdømming og premiering for UB-hingstane skjer på Norsk Fjordhestsenter. Premieutdeling for denne gruppa blir fredag ettermiddag. Desse hingstane skal oppstallast ved Norsk Fjordhestsenter.

Eldre premierte hingstar og ukåra hingstar (klasse 1a, 1b, 2b og 3)

Oppstart for desse hingstane er torsdag 6. mai med veterinærkontroll og mønstring på hardt underlag. Lausmønstring i hallen på Norsk fjordhestsenter går ut frå prøvene i år, fordi ein køyrer to separate kohortar. Det blir samla mønstring og einskildøming på fredagen, og det blir bruksprøver som i eit vanleg år så sant det lar seg gjennomføre på grunn av smittesituasjonen. Kvalitetsoppstilling og premiering for hingstane i Øyane blir på laurdag 8.mai. Desse hingstane skal oppstallast i Øyane.

Praktisk gjennomføring

Kvar hingst har høve å ha med to personar (utstillar og medhjelpar), fordi vi må avgrense tal deltakarar på arrangementet. Hingstane skal oppstallast der dei har utstillingsarena og det er ikkje høve for oppstalling andre stadar. Slik vi som arrangør ser for oss utstillinga, blir det detaljert tidsskjema for alle postane hingstane skal gjennom, og dette må følgast til punkt og prikke gjennom heile arrangementet. Godt vakthold er planlagt for å forhindre samanstimling av folk. Norsk Fjordhestsenter og arrangørstaben til Nordfjord Fjordhestlag i Øyane ønskjer tilbakemelding om tidspunkt på frammøtet til kvar hingst. I Øyane må ein òg avtale tid for prøvekøyring av bruksprøver slik at ein unngår samanstimling.

Kontaktperson i Øyane er Anne- Karin Høgalmen (e-post: anhoega@online.no, telefon: 450 77 044) og på Norsk Fjordhestsenter Magni H. Flyum (e-post: post@norsk-fjordhestsenter.no, telefon: 934 22 756)

Strøyming

Norges Fjordhestlag og Nordfjord fjordhestlag arbeider med aktuelle firma for å få strøyme frå dei forskjellige programpostane, og har god tru på at vi skal nå ut til mange både her i landet og i utlandet for interessa er stor.

Vi oppfordrar hingsteeigarar å fortsette trening og førebuing av hingstane, og ber dykk melde inn så tidleg som mogeleg til utstilling via Norsk Hestesenter sine utstillingssider. Det er viktig at vi får inn påmeldingane tidleg slik vi får oversikt over tal hingstar og kvar dei kjem ifrå. Vi kryssar fingrane for ei god avvikling av utstillinga på Nordfjordeid.

Neste oppdatering blir i veke 14 som er rett etter påske.

Tidsplan

Denne tidsplanen er førebels. Ny tidsplan og oppmøtetider for kvar hingst kjem etter innmeldingsfristen.

Måndag 3. mai

Norsk Fjordhestsenter (for UB-hingstar/klasse 2a):

Frammøte og veterinærkontroll av 4- og 5-års hingstar til utvida bruksprøve (klasse 2a) etter oppsett tidsplan.
Informasjonsmøte om utvida bruksprøve

Tysdag 4. mai

Norsk Fjordhestsenter (klasse 2a):
Rideprøver inne og ute etter oppsett tidsplan

Onsdag 5. mai

Norsk Fjordhestsenter (klasse 2a):
Køyreprøver etter oppsett tidsplan

Torsdag 6. mai

Norsk Fjordhestsenter (klasse 2a):
Køyreprøver, mønstring på hardt underlag og lausmønstring etter oppsett tidsplan.

Utstillingsplassen i Øyane (klasse 1a, 1b, 2b og 3):
Mønstring på hardt underlag og veterinærkontroll etter oppsett tidsplan.

Fredag 7. mai

Norsk Fjordhestsenter (klasse 2a):
Samla mønstring og einskilddømming
Klassevis mønstring
Kvalitetsoppstilling, premiering

Utstillingsplassen i Øyane (klasse1a, 1b, 2b og 3):
Samla mønstring og einskilddømming
Køyreprøve

Laurdag 8. mai

Utstillingsplassen i Øyane (klasse 1a, 1b, 2b og 3) :
Klassevis mønstring, utstillingsplassen/Øyane
Kvalitetsoppstilling, premiering