Hedersomtale for forsking på luftvegsproblem
Prisen «Årets heidersomtale» gjekk til prosjektet «Objektiv måling av øvre luftveisobstruksjon i norske og svenske travhester».
Forskarane har undersøkt ei av dei vanlegaste årsakene til redusert prestasjon hjå sportshestar: kollaps i dei øvre luftvegane under hard belastning. Slike problem oppstår ofte berre når hesten er i arbeid, og har difor vore vanskelege å oppdage.
Gjennom prosjektet har forskarar ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet(NMBU) utvikla ein metode som måler lufttrykket i luftvegane medan hesten arbeider. Metoden er testa på meir enn 300 aktive travhestar. Resultata gjer det mogleg å påvise og gradere ulike former for luftvegsobstruksjon på ein objektiv måte.
Dette gir veterinærar eit betre grunnlag for å vurdere behandling og operasjonar, og kan bidra til betre helse, velferd og prestasjonar hos framtidas sportshestar.
Prisen vart teken imot av doktorgradsstipendiat Hanna Vermedal på vegner av prosjektgruppa.
Pris til prosjekt om genetisk mangfald
Prisen «Årets hesteforskningsprosjekt» gjekk til prosjektet «Genomisk kartlegging som verktøy for berekraftig avlsarbeid i nordiske nasjonale hesterasar».
Prosjektet har teke for seg fleire av dei nordiske hesterasane som har små bestandar og derfor er sårbare for innavl. Forskarane analyserte DNA frå 190 hestar fordelt på åtte nordiske rasar, mellom anna dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Ved hjelp av moderne genomteknologi har dei kartlagt genetisk mangfald, slektskap og grad av innavl på eit detaljnivå som tidlegare ikkje har vore mogleg. Kunnskapen gjev avlsorganisasjonar og oppdrettarar eit betre grunnlag for å ta gode avlsval og ta vare på det genetiske mangfaldet i rasane.
Prosjektet bidreg dermed til å sikre sunne, robuste og levedyktige nordiske hesterasar for framtidige generasjonar.
Den norske hovudsøkjaren, Prof. Peer Berg, tok imot prisen på vegne av forskargruppa.
Stiftelsen Hästforskning gratulerer prisvinnarane og takkar for innsatsen som blir lagt ned for framtidas hestehelse, velferd og avlsarbeid.




![utstilling[1]](https://img2.custompublish.com/getfile.php/4434540.2562.lpsqalzasbnwbt/250x0/6754353_4434540.png)
