Har du utført drektighetsundersøking på hoppa di etter bedekningssesongen 2021? Dersom resultatet var at hoppa var tom, har resorbert eller kasta, kan du registrere dette no. Ansvaret for å rapportere inn bedekningsresultat til Norsk Hestesenter ligg på den enkelte hoppeeigar.
Norsk Hestesenter skal straks gå i gang med arbeidet med å utarbeida nøkkeltalsrapport for 2021. Her vert, blant anna, bedekningstatistikk for foregåande sesong presentert. Dess meir fullstendig innrapporteringa er, dess meir påliteleg vert statistikken. Du kan óg lesa denne artikkelen for å verta betre kjend med korleis løysinga fungerar og korleis dei ulike resultata vert definert.