Smittesituasjonen med covid-19 er fortsatt vanskeleg, og det blir planlagt for ei utstilling utan publikum. Kvar hingst har høve å ha med to personar (utstillar og medhjelpar), fordi vi må avgrense tal deltakarar på arrangementet. Norges Fjordhestlag i lag med samarbeidspartane Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Nordfjord Fjordhestlag har starta planlegginga, og vil i tida framover utarbeide detaljert program med vektlegging på best mulig smittevern etter retningslinjene frå styresmaktene. Vi tek sikte på å legge ut ny og meir detaljert informasjon ca 20. februar.
 
Det blir arbeidd med å få til streaming av delar av aktivitetane på hingsteutstillinga. For NFL er det viktig å få gjennomføre ein seleksjon av hingstane og særleg for dei to årgangane som skal utføre utvida bruksprøve. Det er viktig å vektlegge at krava i avlsplanen blir følgde.
 
Til orientering er det blitt laga ein informasjonsfilm om innhaldet i utvida bruksprøve som vil gjere det lettare å setje seg inn kva denne prøva krev og kva dommarane ser etter. I informasjonsfilmen vil ein få sjå alle delane med kommentarar. Filmen vert lagt ut på nettsidene til Norges Fjordhestlag i byrjinga av februar. Vi oppfordrar hingsteeigarar å fortsette trening og førebuing av hingstane som i eit normalår, og melde inn tidleg til utstilling via Norsk Hestesenter sine nettsider.